Gunhild Marie

"All I can do is be me, whoever that is." -Bob Dylan

tysdag, november 17, 2009

Den finaste eg veit!


Sjå på denne nydelege guten! Det er Benjamin, som eg er tante til og fadder på. Om to dagar skal eg endeleg møte han igjen :)

Eg har lånt bileta av Rose Iren Settem ;)

torsdag, november 12, 2009

I get by with a little help from my friends

Livet er ikkje alltid lett. Sånn er det berre. No er eg inne i ein hard periode, og humøret er langt nede i periodar. (Eg kan bekrefte at å få svineinfluensa eit par veker før eksamen ikkje er å anbefale.) Heldigvis står eg ikkje åleine. Eg har både ein Far i himmelen og gode vener, medstudentar og familie som er til hjelp og oppmuntring. Takk for det :)
Forskjellige ting som får meg til å føle meg betre:

- Songar som denne og denne.
- Bøker som dette:
- Dansevideoar som denne:
Spol til 0:35. RÅTT. (Legg merket til reaksjonen på juryen. Fantastisk!)

- Telefonsamtalar med ho her (ho til høgre altså ;)):
- Humor som dette:

Har du fleire tips?

sundag, november 08, 2009


Samtale over frukostbordet mellom Hans Olav (min lillebror på 15) og meg. Han sit som vanleg og pratar om musikk, og det vil ingen ende ta. Eg blir litt lei.
Gunhild:
Ok..kan du talla om nå anna enn musikk no?
Hans Olav:
Nå anna enn musikk? De e nå ikkje nå anna å talla om...ka da fær eksempel?
Gunhild: Dråkonga?
(Surndalsk for "jenter".)
Hans Olav:
Åh, kjedele..Musikk e jo så mykkju ber enn dråkonga. E ska gift me med musikk. Ska gift me med et eller anna med musikk, æn capo hæll nå.

Jaja. Vi får sjå kva du seier om nokre år, Hans Olav ;)

For dei uinnvidde: "En capo er et redskap som brukes av gitarister til å transponere musikk uten å forandre grepene. Den er formet som en slags klype, som settes på gitarhalsen og trykker ned alle strengene på et av båndene."

torsdag, oktober 29, 2009

Morsom sprekk!

Hahaha...

Eg er sjuk. Det er kjedeleg. Men denne fekk meg til å le, sjølv om det er vondt å le for eg byrjar berre å hoste av det... Eg er takknemleg for dette:
- At eg vart sjuk ETTER Muse-konserten.
- At eg reiste heim før eg vart sjuk. Godt å bli oppvarta istaden for å liggje åleine på ein hybel.
Så no ventar eg på svar frå legen om det er svineinfluensa..eg håpar det er det. Så er eg ferdig med det, og utan å ha blitt alvorleg sjuk!

måndag, oktober 19, 2009

Yeah!

I dag er det berre 6 dagar til Hans Olav og eg skal på konsert med Muse! Eg hadde høyrt lite på Muse før Hans Olav blei super-fan og fekk meg til å høyre på dei..og dei er jo heilt fantastiske! Matthew Bellamy syng ekstremt bra, og låtane er DEILIGE. Eg gler meg! Hans Olav blir her heile helga, og det blir konge :)



Redning

Jesus.

Det var alt eg hadde på hjartet i kveld..

Forresten..for dei med spotify: Team Båt – Du Ser Meg

fredag, oktober 09, 2009

Me

Hi, I´m Gunhild and I´m an Harry Potter addict...
..I dream of living in an english cottage like this one:
It makes me angry when someone says that a person is ugly. Noone is ugly.
I believe in Jesus.
I listen a lot (too much?) to melancholic music. A new favourite:
Sometimes I suddenly get really afraid of losing my loved ones.
I can be really absent-minded, forgetful and clumsy...
...but I´m kinda smart too.
And I´m not really sure why I´m writing in english..haha..